Kommunebarometeret 2023

Teikning gul med rød sommerfugl - Klikk for stort bilete

Kommunebarometeret er ei måling som vert utarbeid av Kommunal Rapport kvart år, der Høyanger kommune no er rangert som nr 173 i landet.

Kommunane vert rangert etter 155 nøkkeltal, innanfor 12 sektorar. Kommunebarometeret er ikkje noko fasit på kvaliteten på dei  kommunale tenestene, men gir eit bilde på kor Høyanger kommune står samanlikna med andre kommunar.

Høyanger kommune er i 2023 rangert som nr. 173 i landet, av totalt 356 kommunar, noko som er ned 57 plassar frå 2022. Kommunen gjer det særskilt bra innanfor kategoriane Grunnskule, Sosialteneste og Kultur.  Svakast rangering har ein i kategoriane Økonomi og Kostnadsnivå.

Her finn du kommunebarometeret (PDF, 3 MB)