Kondolanse i samband med Hans Majestet Kong Harald V sin død

I samband med Hans Majestet Kong Harald V sin død legg kommunen til rette for kondolansar på Høyanger rådhus.

Kondolanseprotokoll 

Det blir lagt fram kondolanseprotokoll i resepsjonen på Høyanger rådhus, frå kl 13:00 fredag. 
Resepsjonen er open mandag til og med fredag frå kl 08:00 til kl 15:00. Kondolanseprotokollen blir liggande i respesjonen til og med gravferdsdagen. 

Alle som ønsker det er velkomne til å skrive ei siste helsing.

For dei som ønsker å legge ned blomster, så er det lagt til rette for det på Bytorget. 

 

Flagging

Det blir flagga på halv stang ved Høyanger rådhus kvar dag fram til og med gravferdsdagen. 
Andre kommunale bygg flaggar på halv stang i dag og på gravferdsdagen.
 

Kyrkjene i Høyanger kommune

Kyrkjeklokkene i Høyanger kommune ringer frå kl 12 til kl 13 i dag, saman med kyrkjeklokker over heile landet.

I Høyanger kyrkje vil dørene stå opne og kyrkja er tilgjengeleg fram til kl. 16. Her vil det stå eit bilde av Kong Harald og det blir høve til å tenne lys, det er ikkje planlagt eigen kondolanseprotokoll her.