Høyanger kommune kan kvart år tildele kulturpris til ein verdi av kr 10 000.
Retningsliner ved tildeling
Målgruppe
Enkeltpersonar, lag/grupper.
Kriterium
Det skal gjerast kjent i avisene at kulturpris skal tildelast, og alle innbyggarane i kommunen kan kome med grunngjevne framlegg. Prisen skal tildelast kvart år dersom Utval for samfunn finn kvalifiserte kandidatar.
Enkeltpersonar/lag/ grupper kan ikkje fremje forslag om eige kandidatur.
Kulturprisen skal vanlegvis tildelast:
- Personar/grupper som har lagt ned ein stor innsats i lagsarbeidet, for å drive laget godt og for å engasjere flest mogleg i lagsaktivitet og skape eit godt miljø i lagsområdet.
- Personar/grupper som har brukt mykje av fritida si til ulønna instruksjonsarbeid i idrettslag, ungdomslag, song og musikk o.l
- Personar/grupper som har lagt ned eit stort arbeid til beste for born og ungdom
- Personar/lag som har lagt ned mykje arbeid for å halde på, vidareføre og fornye gamle skikkar, tradisjonar og uttrykksformer, tek vare på gamle ting, samla inn lokalhistorisk stoff eller på annan måte oppmuntra til lokalt medvit.
- Personar/lag som har brukt mykje av tida si til å fremja kunstnarleg skaping og oppleving.
Kulturprisen kan delast mellom maksimum 2 kandidatar.
Høyanger kommune står fritt til å velje kandidat også blant tidlegare års framlegg. Vedtak om tildeling av kulturpris vert gjort av Utval for samfunn.
Framlegg sendast til e-post innan 19.oktober, eller via Postboks 159, 6991 Høyanger.
Publisert 17.09.2025 14.08
Sist endra 17.09.2025 14.08