Kulturprisen 2022 tildelt Johnny Litsheim

Kulturprisvinnar saman med kone, ordførar, utvalsleiar og kultursjef - Klikk for stort bilete

Kulturprisen for 2022 er tildelt Johnny Litsheim. 
Ordførar, Petter Sortland, og leiar for utval for kultur og folkehelse, Birgitta Hagen Kyrkjebø, delte ut prisen 08.12.2022. 

Grunngjeving:

Johnny Litsheim har sidan 1950/51 vore med i Høyanger skulemusikk der han spelte trompet, og sidan i Fagforeningens Musikklag. I tillegg til å vere drivkraft i korpsmiljøet, har han i periodar også vore leiar for Fagforeningens Musikklag. Han har teke initiativ til fleire store kulturarrangement og konsertar. Vi kan nemne "Ringar i vatn" som omfatta store delar av kommunene sitt kulturliv, samt personar frå inn- og utland, og nyleg som arrangør av "Takkekonserten" etter korona-pandemien med ensemblet Gråberget, som han og var initiativtakar til.

Som den glødande Høyanger-patrioten han er, har Johnny Litsheim vore sterkt medverkande til bevaring av den gamle fontena på Bytorget, samt å få realisert det særeigne Tell Teigen-monumentet utanfor Høyangerbadet. I sistnemnde prosjekt var Litsheim i nemnda som skulle sjå på korleis eit minne over balansekunstnaren Tell Teigen kunne realiserast. Johnny var også medlem av hovudkomiteen for 100 årsjubileet til Høyanger Industristad i 2015. 

Litsheim har også, gjennom Høyanger Pensjonistlag, hatt eit svært aktivt engasjement for å finne ei verdig plassering for Arild Høyvik sin modellar av eldre bygningmiljø i Høyanger. Det omfattande engasjementet til pensjonistlaget førte til ei ombygging i Høyanger Industristadmuseum, for å gje plass til dei verdifulle modellane. Dei seinare åra har Litsheim også teke på seg å arrangere fleire turar for medlemene i Høyanger Pensjonistlag.

Johnny er like opptatt av gamle som unge, han har alltid vore og er levande opptatt av at kommunen har eit godt tilbod i kulturskulen. Han har stilt gladleg opp som instruktør for unge aspirantar/korps som treng hjelp. Han tek med seg trompeten sin og stiller opp både på sjukeheimen, i bryllaup og i gravferder.

Litsheim har eit stort engasjement for kulturlivet i Høyanger. Han seier sjeldan nei, og engasjerer seg fullt og heilt.

Johnny Litsheim er 82 år og er framleis ein dyktig trompetist som elskar marsjar. Klangen av trompeten hans har fylt høyangergatene i ein mannsalder.

Litsheim har lagt ned eit stort dugnadsarbeid og løfta fram kulturlivet i Høyanger. Høyanger kommune set stor pris på dette arbeidet, og vil gje han honnør for den imponerande innsatsen. 

Johnny Litsheim er ein verdig vinnar av kulturprisen 2022.