Markering av frigjerings- og veterandagen 8. mai 2025

I år er det 80 år sidan 2. verdskrigen tok slutt.  Frigjeringsdagen, 8. mai 2025 er markert i Høyanger, der ordførar Petter Sortland har lagt ned krans ved minnestøtta.  Ved minnestøtta i Vadheim vil markeringa føregå på kvelden, der Einingsleiar Kultur og mangfald, Jeanette Wølke Friis Walsvik, deltek. 

Krans nedlagt ved minnestøtta - Klikk for stort bilete

Ordføraren har skrive tale i høve dagen:

Kjære alle saman!

Frigjerings- og veterandagen 8. mai er ein dag der vi heidrar alle veteranar frå 2. verdskrig og fram til dei internasjonale operasjonar i dag.

I jubileumsåret 2025 er det på sin plass å heidre dei som gjorde ein særleg innsats for fred og friheit under den 2. verdskrigen, og dei som sterkast fekk føle konsekvensane av krigen.

I Høyanger kommune har vi dei siste åra samarbeidd med NVIO Norges Veteranforbund for internasjonale operasjonar i høve markering av frigjeringsdagen vår 8. mai.

Høyanger og Vadheim var sentrale i fleire krigshandlingar frå den 2. verdskrigen. M.a  vart «MS Oldenburg» senka i Jelvika 7. april 1945.

Det var fangeleir i Vadheim.  Der var det krigsfangar frå Russland og Jugoslavia.  På det meste var det over 200 soldatar i Vadheim.

Når ein i tillegg veit at det frykta «Gestapo» sitt hovudkvarter for fylket låg i Høyanger, kan ein trygt seie at både Vadheim og Høyanger spelte ei stor og viktig rolle i 2. verdskrigen.

Totalt har om lag 70 personar frå Høyanger kommune delteke i ulike internasjonale oppdrag frå Tysklandsbrigaden i åra frå 1947 – 1954, og fram til Libanonoppdraget i 1978.  

Frå 1978 og fram til i dag har det reist ut om lag 15 personar frå kommunen vår.  

Vi har hatt deltakarar i internasjonale oppdrag i regi av NATO og FN,  som i Midtausten med UNIFIL i Libanon som den mest kjende.  Våre veteranar har og vore i teneste på Balkan på 1990- talet, i Afghanistan, Irak, og i Afrika.  

Det offisielle Norge venta lenge med å ære både krigsseilarar og veteranar.  Først i 1972 vart dei attlevande krigsseilarane innrømma økonomisk kompensasjon og oppreisning frå norske myndigheiter.

Det skulle gå heile 70 år for deltakarane frå Alta Bataljon, som hadde delteke i harde kampar i 1940, fekk sine medaljar.

Fleire veteranar har måtte vente i fleire 10 år  før dei har fått oppreisning og heider for sin innsats for konge og fedreland.

Eg vil på vegner av alle etterkrigsborn, som har fått det privilegium å få bli fødde og vekse opp i eit fritt og demokratisk land, gi ei stor takk til de som har hatt mot og vilje til å reise ut for å bidra til å skape fred og forsoning i verda.

Med desse orda, vil eg i dag legge ned krans ved minnestøtta i Høyanger.  Det vil også vere eit eige arrangement i Vadheim.  

Kransen vert lagt på med respekt og takksemd for arbeidet og forsakinga som de veteranar har gjort for å skape fred og forsoning i verda.