Naturstien ved hengebrua er skadd etter ras
Det har rasa ut eit parti av naturstien ved hengebrua i Høyanger. Området er mellombels sikra med sperreband.
kommunekart.com
Ferdsel på eige ansvar
Raset har ført til at delar av stien er skadde og vanskelege å ferdast på. Området er mellombels sikra med sperreband. All ferdsel i området skjer på eige ansvar, og vi oppmodar turgåarar til å respektere sperringane og ber alle som ferdast i området om å vere varsame. Dersom nedbøren held fram, er det fare for at meir av stien her kan rase ut.
Utbetring startar neste veke
Høyanger kommune planlegg å starte arbeidet med gjenoppbygging i løpet av neste veke.
Vi ber om forståing for at framkomsten vil vere avgrensa medan arbeidet pågår.
Publisert 12.08.2026 11.28
Sist endra 12.08.2026 11.31