No startar bygginga av ny kunstgrasbane
Vi kan med glede informere om at arbeidet med etablering av ny kunstgrasbane startar måndag 13.04.2026.

Utførande entreprenør har allereie starta med tilkøyring av maskiner og utstyr til området.
Anleggsområdet vil i hovudsak bli avgrensa til innanfor inngjerdinga av dagens naturgrasbane, samt arealet ved tribunene (mot elva). I anleggsperioden vil det vere noko transport av utstyr og materiell. Vi vil informere dykk fortløpande dersom dette påverkar aktiviteten i området.
Anleggsarbeidet vil pågå fram til sommaren (August).
Entreprenør er gjort kjend med at dette er eit område med mykje aktivitet. Det er sett i verk ekstra tiltak for å ivareta tryggleiken til barn og unge som oppheld seg i området, mellom anna bruk av følgjeperson ved køyring med større køyretøy på området.
Ta gjerne kontakt dersom det er spørsmål.
Publisert 10.04.2026 15.50
Sist endra 10.04.2026 15.59