Ny forskrift om vass- og avløpsgebyr i Høyanger kommune

Høyanger kommune har vedteke ny forskrift om vass- og avløpsgebyr som gjeld frå 1. januar 2026. Endringa inneber mellom anna at bustader og fritidshus får gebyr berekna etter talet på bueiningar, og kommunen oppmodar abonnentar om å kontrollere faktura.

bilete av nokon som skjenker seg eit glas med vatn frå springen - Klikk for stort bilete Illustrasjon av Høyanger kommune

Høyanger kommunestyre vedtok 18.09.2025 ny forskrift om vass- og avløpsgebyr i Høyanger kommune. Forskrifta gjeld frå 01.01.2026.

Den største endringa i forskrifta er at bustader og fritidshus får abonnementsgebyr og forbruksgebyr etter talet på  bueiningar i bygget.

 

 

For næringseigedomar vert abonnementsgebyret rekna ut etter dimensjonen på inntaksleidninga. Forbruksgebyret skal betalast etter målt vassforbruk.

Det er informasjon frå matrikkelen(eigedomsregister) som er grunnlaget for gebyret. Du kan logge deg på Statens Kartverk (se mine eiendommer) for å sjekke type bygg.

Dei som har månadleg fakturering vil få første faktura med nye gebyr i januar.

Dette er ei stor endring i gebyrsystemet, og det kan oppstå feil i starten. Vi ber derfor om at de kontrollerer fakturaen , og ta kontakt med kommunen dersom du oppdagar feil.

Lokal forskrift om vass- og avløpsgebyr i Høyanger kommune (PDF, 2 MB)

Kommentarar til forskrifta (PDF, 124 kB)

Randi Norevik
Sekretær
E-post
Telefon 57 71 15 35