Ny rapport - Miljøstatus Sæbøtjørna
Norconsult har på oppdrag frå Høyanger kommune gjennomført naturkartlegging og miljøundersøkingar i og rundt Sæbøtjørna, samt gjort innleiande vurderingar av området sitt potensial som bade- og friluftsområde. Resultata frå arbeidet er samla i ein rapport, som du finn lenger nede i artikkelen.
God vasskvalitet, men utfordringar i botn
Høyanger kommune
Undersøkingane vart i hovedsak utført i mai 2025, og omfattar vassprøver, sedimentprøver, naturkartlegging og undervassfilming. Resultata viser at sjølve vatnet i Sæbøtjørna held god kvalitet og tilfredsstiller krav til badevatn både etter EU-direktiv og norske normer.
Samtidig er det funne miljøgifter i botnsedimenta – som sink, PFOS, PCB og PAH – særleg i den nordre delen av tjernet. Dette utgjer ein økologisk risiko, og det kan ikkje utelukkast at fisk i vatnet inneheld stoff som kan vere helseskadelege.
Tilrådde tiltak for vidare bruk
Norconsult kjem med fleire tilrådingar for vidare vurdering og eventuell tilrettelegging av området som frilufts- og badeplass. Mellom anna:
- Rydding av avfall både på land og i vatnet
- Miljøanalysar av fisk for å vurdere helserisiko
- Kartlegging av gamle avfallsmassar i området
Rapporten gir eit oversyn over undersøkingane og vurderingane som er gjort, du kan lese han her:
Miljøstatus Sæbøtjørna.pdf (PDF, 10 MB)
Sæbøtjørna har potensial som nærfriluftsområde, og kommunen vil bruke rapporten som grunnlag for vidare vurderingar.
Publisert 25.07.2025 13.35
Sist endra 25.07.2025 13.59