Høyanger kommune
Byporten, hjartet av Høyanger sentrum er teikna av Carl Borch og var ferdigstilt i 1934. Den gang då inneholdt byporten hele åtte arbeidarbustader, i dag husar bygget Industristadmuseet og Gunnar S-galleriet.
Studentar innan arkitektur og stadutvikling har dei siste månadane sett nærare på både bymiljøet og bygningsstrukturane i tettstaden. I samband med studiet vart det òg gjort søk i NACO-arkivet. Her fann ein originale teikningar og planar frå oppføringa, som viser at det den gong stod mellom blått og raudt fargeval.
På bakgrunn av funn i studiet og ein intern prosess har vi landa på ei løysing som både tek omsyn til den unike plan- og arkitekturhistoria i kommunen og som markerer eit skifte: frå det som har vore til framtidas Høyanger!
💙 Byporten blir blå
Fargevalet er grunngitt med:
🔹 betre samspel med fjord og omgjevnader
🔹 historisk forankring i opphavlege planar
🔹 skapar kontrast og god lesbarheit i bybildet, og bidreg til å løfte opplevinga av innkøyringa til tettstaden
🔹 ei markering av overgangen frå det som har vore til framtidas Høyanger!
Valet heng òg saman med innføringa av Høyanger kommune sin nye profilmanual, der blå, grøn og dus oransje er definerte som gjennomgåande fargar for grafikk, bygg og visuell profil i åra som kjem.
Profilmanual HK rev januar 2026.pdf (PDF, 210 B)
Arbeidet er allereie i gang. Det er starta med utskifting av kledningsbord, og stillas er så smått sett opp. Arbeidet vil halde fram etter påske og vidare utover våren og sommaren.
Vi håpar innbyggarane opplever tiltaket som ei positiv overrasking.
Med dette ønskjer vi alle ei riktig god påske!