Nytt TØRN-prosjekt i Høyanger kommune
Kyrkjebø sjukeheim deltek i Tørn‑prosjektet, eit utviklingsprogram i regi av KS, og er med i eit læringsnettverk saman med sju andre kommunar.
Prosjektet har ei varigheit på om lag 1,5 år, og kommunane deler erfaringar og lærer av kvarandre for å styrke helse- og omsorgstenestene.
Arbeidet i prosjektet er forankra i heile organisasjonen. Det betyr at leiing, tilsette og tillitsvalde har ei felles forståing av måla med prosjektet og står saman om utviklingsarbeidet. Involvering av tilsette er ein viktig del av prosessen, der erfaringar og fagkunnskap frå kvardagen gir grunnlag for løysingar som fungerer i praksis.
Tørn‑prosjektet har òg fokus på god bruk av ressursar, gjennom betre organisering og ved å sikre rett kompetanse på rett stad til rett tid. Dette skal bidra til meir føreseielege og trygge vakter, og betre kvalitet i tenestene for brukarane.Utviklingsarbeidet skjer i tett trepartssamarbeid mellom arbeidsgjevar, tillitsvalde og vernetenesta. Dette sikrar medverknad, godt arbeidsmiljø og berekraftige løysingar til beste for både brukarar og tilsette.
Publisert 14.04.2026 11.33
Sist endra 14.04.2026 11.33