Offisiell opning av nytt barneskitrekk ved Siplo Skisenter FREDAG 3. februar kl 17:00

Dronebilete av det nye barneskitrekket på Siplo - Klikk for stort bilete Lars Jonas Pedersen

Endeleg er nytt barnetrekk på plass. Det vert offisiell opning ved ordførar Petter Sortland, ulike helsingar og mykje moro for liten og stor. 

Program (omtrentlege tidspunkt)

1645 - 1730: Scootertransport frå parkeringen

1730: Programmet startar

  • Talar ved ma. ordførar og Hydro
  • Snorklypping og opningstur

18.15 (Litt) uhøgtidleg slalomrenn: Både for vaksne og born - det viktigaste er å delta.

18.45 Afterski (barnevennleg utgåve) i botnen av bakken

Programmet er ferdig ca kl. 19.00.
 

Om det er personar med særskilde behov for transport mm. opp til skitrekket. Kontakt kveldens vaktleiar Gaute Haugen: 40475012. Helst i god tid (torsdag)…

 

Camp

Barnas turlag etablerer turcamp, med bål og kanskje også noko varmt i koppen!

 

Lån av utstyr

BUA har mykje godt friluftsutstyr til utlån, ma. slalomutstyr og hjelmar. Sjå facebooksida deira for opningstider. Ekstra opent 12-17 på fredag. NB: Det er ikkje BUA / utlån på fjellet, men på sentralen deira i Elvegata 22

 

Transport

Gratis transport med minibuss frå rutebilstasjonen blir satt opp med avreise kl 16:30, med retur frå fjellet kl 19:15. Det blir køyrt fleire turar etter avtale.

 

Fjellvegen

Per A Øren vil gjere så godt dei kan for at det skal vera gode forhold i vegen. Fint om vi kan unngå/minimere trafikk ned fjellvegen mellom kl. 1630 og 1715.

 

 

Arr: Siplo Tråkkemaskindrift og Høyanger kommune.