Omval til fylkestingsvalet i Østfold

Er du velgar frå Moss kan du førehandsstemme på rådhuset i Høyanger kommune fram til og med fredag 24. november kl 13:00. 

Du må kontakte kommunen på førehand om du vil førehandsstemme:

Stemme heime

Du kan stemme heime eller der du oppheld deg om du ikkje kjem deg til stemmelokalet på grunn av sjukdom eller om du er ufør. Fristen for å søke om dette er onsdag 22. november klokka 12.00.

Legitimasjon

Når du skal stemme må du ha med deg gyldig legitimasjon. Døme på gyldig legitimasjon er pass, nasjonalt ID-kort, førarkort (også digitalt) og bankkort med bilde. Minstekravet er at det inneheld namn, fødselsdato og bilde.
 

Omval i Moss

Kommunal- og distriktsdepartementet har kjent fylkestingsvalet i Moss kommune ugyldig, og det blir difor halde omval til fylkestingsvalet i Moss kommune. 
Alle kommunar skal ta imot førehandsstemmer frå velgar som er manntalsført i Moss kommune frå 13. til 24. november.