Opning av nye Dalevegen

Fredag 1. november kl. 11.30  opnar nye Dalevegen. Her får du informasjon om nytt køyremønster og om opninga.


Program opning

  • 11.30: Tale v/ordførar Petter Sortland.
  • 11.40: MC-klubben Høyangbjørn lagar litt lyd og blir dei første som køyrer gjennom vegen og bryt den raude snora, halden av ordføraren og entreprenør Lasse Øren.
  • 11.42: Vegen er offisielt open for gjennomkøyring.

    Dei som ønskjer å vere med er hjartleg velkomne til opninga.  Oppmøte ved den nye sosiale sona bak utestasjonen. 

Nytt køyremønster Dalevegen

Bakgrunnen for omlegginga er endra behov for industrien i området og rasfare langs Dalevegen. 
Gamle Dalevegen blir no stengt for gjennomkøyring og dei som skal ferdast gjennom området må følgje nytt køyremønster (illustrert i kartet under).

Kart som viser nytt køyremønster. - Klikk for stort bileteBilete 1: Grøn strek viser ny køyrebane og raud strek viser kor gammal veg blir avstengd.

 


Trafikktryggleik for mjuke trafikkantar

For å sikre tryggleiken er det innført fleire tiltak:

  • Fartsreduserande øyer
  • Oppheva fortau 
  • Senka fartsgrense frå 50 til 40 km/t
  • Nye gjerde langs vegen
  • Nytt overgangsfelt i sør
  • Rydding i siktsoner
  • Meir lys
     
kart som viser endringane for mjuke trafikantar langs dalevegen - Klikk for stort bileteBilete 2: Illustrasjon av korleis gåande og syklande skal ferdast gjennom området. Mykje blir som før, men det er eit nytt overgangsfelt og ny rasteplass langs vegen. Høyanger kommune

Trivsel og miljøtiltak

Ved utestasjonen er det oppretta ei sosial sone med rastebenkar og gjenbrukte betongringar fylt med plantar – eit fint område for ein pust i bakken .

Langs vegen og i øyene er det sådd stadseigne blomsterengfrø. Norske blomsterenger står i fare for å bli utrydda, og slåttemark blir rekna som ein av dei mest artsrike naturtypane vi har.  Ville blomar bidrar til biologisk mangfald og gir mat og ly for bier og humler. 

Bilete av ny sosial sone - Klikk for stort bileteSosial sone bak utestasjonen. Lasse Moen

Vi håpar desse vil stå i blomst til våren og gjere det trivleg å ferdast langs vegen.
I øyene er det også planta prydepletre. 

Vi ønskjer alle trygg og trivleg ferdsel langs den nye vegen!

 

 

 

blomstereng - Klikk for stort bilete Foto: Ellen Svalheim./Nibio.no