Pårørandeskule

Er du pårørande til ein person med demens?

Å vere pårørande kan vere både meiningsfullt og krevjande. På pårørandeskulen får du kunnskap, råd for kvardagen og høve til å møte andre i lik situasjon.

Pårørandeskulen vert arrangert over 4 samlingar, med ulike tema for kvar samling.
Ein av våre føredragshaldarar, Alexandra Vik, vil gjennom sitt inspirasjonsføredrag fortelle om det å ha forska på hjernen, samstundes som ho opplevde at hennar far fekk diagnosen Alzheimers demens.

Plakat med informasjon om pårørandeskule i Høyanger kommune (PDF, 167 kB)

Dersom du ønskjer å delta, send påmelding til:
elise.sandvik@hoyanger.kommune.no
Tlf.: 911 96 207
Innan: 18.09.26

Stad: Kommunestyresalen, rådhuset

August Gunnarskogs gate 1, 6993 Høyanger