Periodevis stenging av Svanhild Hålands veg i Sandvika
BKK og Høyanger kommune skal gjennomføre eit felles grøftearbeid i Sandvika for å utbetre infrastrukturen i området. Arbeidet omfattar etablering av ny kabeltrasé og legging av røyr for framtidig vassforsyning.
Høyanger kommune
I samband med arbeidet vil Svanhild Hålands veg bli stengd for biltrafikk i periodar på dagtid. Tilkomst vert ikkje avstengt for gåande og syklande, men ver obs på skilting og informasjon frå entreprenør. Stenginga er nødvendig for å gjennomføre gravearbeidet på ein trygg og effektiv måte.
Framdrift og trafikkavvikling
· Planlagt oppstart: 26.10.2026
· Forventa varigheit: rundt ein månad
Utrykkingskøyretøy som skal til Sandvika vil i stengingsperiodane køyre gjennom Hydro sitt område.
Spørsmål om gravearbeid og vegstenginga
Per A. Øren
Kontaktperson: Arne Ove Veum
Telefon: 95259543 E- post: arne.ove.veum@pao.no
Andre spørsmål
For andre spørsmål knytt til arbeidet kan Høyanger kommune kontaktast.
Publisert 28.10.2026 08:50
Sist endra 28.10.2026 09:03