Periodevis stengt veg i Lavikdalen

Vestland fylkeskommune melder om periodevis stengt veg, Fv. 5653, i Lavikdalen. Arbeidet startar 26. august og vil vare til 31. januar 2025.

Oversiktsfoto viser vegen samt skog og fjell - Klikk for stort bilete Vestland fylkeskommune

Området som blir stengt er frå om lag Basel og eit lite stykke fram i Støldalsdalen. 

Pressemelding:
Vegen er utsett for i hovudsak steinsprang og isnedfall, og skal sikrast med om lag 460 meter fanggjerde som skal settast opp. 
Arbeidet krev stenging av vegen av omsyn til tryggleiken for både trafikantar og dei som arbeider. 
Først blir det ein fase med fjellreinsk på om lag 2-3 veker. Så blir det arbeid i vegbana som treng noko lengre stengingar. 
Opning av vegen vil følgje bussruter og skuleskyss. Omkøyringsveg er om Leirvik.
Sjå oppdaterte stengetider på vegtrafikksentralen/175.no.

Stenginga gjeld mandag-torsdag, torsdagar blir arbeidet avslutta ca kl 15.

Stengetider under fjellreinsk:
0725-0825, 0840-0940, 0950-1050, 1100-1130, 1200-1300, 1310-1410, 1420-1450, 1510-1605, 
1615-1715, 1725-1825.

Stengetider ved arbeid i vegbana:
0715-0825, 0840-1130, 1200-1450, 1510-1605, 1610-1850.
 

Informasjon om vegstenging finn du på Statens vegvesen si side.