Geir Ivar Ramsli
Varden er 61 år og kjem frå stillinga som Administrerande Direktør i Helse Førde, ei stilling Varden har hatt i snart 9 år. Varden har også vore rådmann i Høyanger kommune frå 2011 – 2018.
Arve Varden er utdanna Diplomøkonom / Bachelor frå BI i Bergen frå 1986-1990.
Arve Varden har solid leiarerfaring frå offentleg sektor, brei innsikt i offentleg forvaltning og god forståing mellom politikk og administrasjon. Han evnar å sjå og utvikle mogelegheiter for næringsutvikling i ein kommune som er rik på ressursar. Varden står fram som ein strategisk, visjonær og analytisk person, og er ein tydeleg, trygg og inkluderande leiar.
Varden er oppteken av langsiktig og heilskapleg planlegging, og vil at alle i organisasjonen skal kjenne på deltaking i desse prosessane. Varden kjenner og på dei utfordringane som ligg på Høyanger kommune i tida som kjem. Samstundes er han trygg på at via reell medverknad og samarbeid frå alle partane i arbeidslivet, så skal kommunen ha dei beste føresetnadene til å nå vedtekne mål.
Å igjen ta til i stillinga som den øvste administrative leiaren i Høyanger kommune er noko Varden ser fram til. Saman med dei folkevalde i kommunen gler Varden seg til å få jobbe i skjeringspunktet mellom politikk og tenesteutvikling.
Høyanger kommune ønskjer at Varden kan ta til i stillinga så snøgt som mogeleg, og vi vil jobbe for at Varden er på plass i Høyanger i laupet av hausten 2026.