Pressemelding - Kyrkjebø vassverk

Vi har følgande pressemelding, datert 22.06.2026: 

bilete av nokon som skjenker seg eit glas med vatn frå springen - Klikk for stort bilete Illustrasjon av Høyanger kommune

Høyanger kommune har no gjennomgått vassprøvar av aluminiumsnivået i vatnet ved Kyrkjebø vassverk tilbake til 2004. I perioden 2011 til 2016 viser  vassprøvane for høge gjennomsnittsverdiar. Det er og enkeltprøvar med for høge verdiar i perioden 2006-2011, og for året 2006 er gjennomsnittsverdien for høg.


Høyanger kommune vil innhente ekstern kompetanse for å sortere alle tilgjengelege analysedata for heile perioden. I denne samanhengen vil ein og gå igjennom data frå dei andre vassverka i kommunen.  


Resultata frå vassprøvane er oversendt FHI, som tilrår å gjennomføre helsekontrollar for å avdekke eventuelle nevrologiske utfall hjå barn som har drukke vatnet på Kyrkjebø.


FHI seier vidare at den mest sårbare gruppa er barn i alderen 0–3 år, som har vore eksponert for vatnet over tid.  Alle barn som har vore fastbuande på Kyrkjebø i perioden frå 2021 og fram til i dag, og som i denne perioden var mellom 0 og 3 år gamle, vert innkalla til helseundersøking til hausten og ny kontroll neste vår. 


Barn over 3 år med symptom vil bli følgt opp med helseundersøking.  


Høyanger kommune vil informere innbyggjarane fortløpande når meir informasjon ligg føre.
 

Petter Sortland
Ordførar
E-post
Telefon 57 71 15 52
Mobil 91 16 45 46
Arnvid Hovland
Personalsjef og ass. kommunedirektør
E-post
Telefon 57 71 15 15
Mobil 99 20 64 57