Pressemelding - varslingssaka

Kommunestyret i Høyanger kommune har i dag handsama og gjort vedtak i sak knytt til eit anonymt varsel meldt formannskapet 16.06.25.  

kommunevåpen - Klikk for stort bilete

Høyanger kommunestyre har vedteke ein framforhandla sluttavtale for kommunedirektøren.

Av omsyn til personvern, teieplikt og arbeidstakar sine rettar vil kommunen ikkje kommentere innhaldet i varslingsaka, og/eller vilkåra i avtalen utover det som måtte følgje av offentlege dokument i saka.

Kommunen legg til grunn at saka med dette er avslutta.

Vi har fokus på å sikre god leiing, eit trygt og godt arbeidsmiljø for dei tilsette, og å framleis yte gode tenester til innbyggarane våre.
 

 

Kontaktinfo for pressemeldinga: ordførar eller settekommunedirektør: Atle Fasteland, tlf: 454 49 842, e-post: post@fastelandconsult.no

Petter Sortland
Ordførar
E-post
Telefon 57 71 15 52
Mobil 91 16 45 46