Ras ved Bekkefaret vert fulgt opp med vidare vurdering

I samband med raset i går var fleire instansar på staden for å vurdere situasjonen.

Bilete av fjellsida der det rasa - Klikk for stort bilete Høyanger kommune

Politiet var på staden for å vurdere vidare handtering og i samråd med NVE vart det konkludert med at det ikkje er auka rasfare i området.

Som eit føre-var-tiltak har kommunen likevel bestilt geolog for nærare vurdering. Geologen vil vere i Høyanger føremiddag i morgon.

Kommunen følgjer situasjonen og vil kome med oppdatert informasjon.