Restlysforsterkande og termiske siktemiddel til jakt på hjort

Det er forbode å nytte restlysforsterkande og termiske siktemiddel til jakt på hjort i Høyanger kommune 

Hjort - Klikk for stort bilete Høyanger kommune

Viltressurslova § 26 forbyr bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel til jakt. «Forskrift om utøvelse  av jakt, felling og fangst» § 29 a opnar for nokre unntak, mellom anna for jakt på hjort, når kommunen har opna for dette i eiga forskrift.

 

 

 


 

Spørsmålet om kommunen skal starte opp arbeidet med eiga forskrift har vorte drøfta av medlemene i viltnemnda. Dei har vorte samde om at ein vil avvente saka og ikkje starte arbeidet med forskrift dette året. Det betyr at det i Høyanger kommune per no er forbudt å nytte restlysforsterkande og termiske siktemiddel til jakt på hjort.