Status 01.07.2026 - Kyrkjebø vassverk
Etter oppdatert informasjon frå FHI kan vatnet nyttast til matlaging. Det er framleis drikkeforbod for vatn frå Kyrkjebø vassverk
Illustrasjon av Høyanger kommune
Arbeidet med å kunne levere vatn med rett kvalitet, frå Kyrkjebø vassverk, held fram. Kommunen har engasjert ekstern kompetanse, som saman med kommunen sine eigne tilsette, arbeidar med optimalisering av vassverket og styringssystemet.
Kommunen har tett dialog med Mattilsynet i denne prosessen og har eit mål om å kunne levere drikkevatn under tiltaksgrensa over tid, så raskt som mogleg.
Det er krevjande å gje eit konkret tidsperspektiv på når drikkevatnet kan friskmeldast. I mellomtida vil kommunen tilby drikkevatn frå dei utplasserte drikkestasjonane.
Denne veka er det utplassert nye drikkestasjonar på Austreim og på Tronvik.
Publisert 02.07.2026 12.07
Sist endra 13.08.2026 10.43