Sterk oppmoding til foreldre: Pass på barna på elsparkesykkel i sommar!

Politiet, Statens vegvesen og Trygg Trafikk ser ein uroande auke i alvorlege ulykker på elsparkesykkel blant barn og unge. Før skuleferien tek til, kjem dei med ei klar oppmoding til alle foreldre og føresette.

Trafikkreglar for elsparkesykkel - Klikk for stort bilete

Sommaren står for døra, og med lange, lyse dagar får barn og unge meir fritid. For mange betyr det også meir tid på elsparkesykkelen. Myndigheitene er no sterkt bekymra for at talet på alvorlege ulykker vil auke betrakteleg i sommarferien dersom det ikkje blir teke grep.

Foreldre har hovudansvaret

Det er dei vaksne som har det overordna ansvaret for at barna ferdast trygt i trafikken, og at køyretøyet deira er i forskriftsmessig stand. Difor ber kommunen, saman med trafikksikkerheitsorganisasjonane, alle foreldre og føresette om å ta ei aktiv rolle før ferien startar.

Dette må du gjere no:

Snakk med barna: Gå gjennom korleis ein brukar elsparkesykkelen på ein trygg måte, og repeter dei viktigaste trafikkreglane.

Sjekk køyretøyet: Sikre at elsparkesykkelen er lovleg når det gjeld både fart (maks 20 km/t) og effekt.

Hugs forsikring: Sørg for at køyretøyet har den lovpålagde ansvarsforsikringa i orden.

Bruk hjelm: Pass på at barnet har ein hjelm som passar skikkeleg, og gjer det til eit ufråvikeleg krav at han faktisk blir brukt på kvar einaste tur.

Ta praten før ferien

Små marginar kan skilje ei flott sommaroppleving frå ei alvorleg ulykke. Ved å bruke nokre minutt på å sjekke utstyret og ta den viktige samtalen rundt middagsbordet, kan du bidra til at sommarferien blir både trygg og skadefri for dei unge i kommunen vår.

Nyttige lenker: Treng du råd om korleis du tek praten? Du finn rettleiing og nyttige tips på nettsidene til Trygg Trafikk: Trygg Trafikk: Elsparkesykkel – til foreldre og føresette

Kristina Skogly
SLT og Folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 57 71 15 05
Mobil 41 41 26 29