Dansegruppen GirlpowerTotalt var det 8 sceneinnslag med 32 talentfulle deltakarar som imponerte publikum med sine kreative bidrag. Kveldens konferansierar, Ingrid Walsvik og Annabel Hofrenning — begge 10 år - styrte showet med stødig hand.
Juryen, som hadde ei krevjande oppgåve, rosar deltakarane for innsatsen og det høge nivået. Dei har valt ut følgjande deltakarar til å representere Høyanger kommune på UKM-festivalen i Operahuset på Eid, Stad kommune, helga 25.–27. april:
SCENE
Hypnotized Titler: Dancing Queen
Koreograf: Helene Longfellow og Hypnotized
Personer: Ciana Hansen, Dina Luggenes, Edel Dale, Emma Longfellow, Leona Ødegård, Mina Ølmheim
Alle deltakarane fekk diplom, UKM-handlenett, UKM-stickers, UKM-armband, kinobillett, drikkeflaske og refleks frå Høyanger kommune.
Dette var det 38. året på rad at Høyanger arrangerte lokalmønstringa. No er det berre å starte øvinga til neste års UKM!
Gratulerer til alle deltakarane — og lukke til vidare for dei som skal vidare til festivalen!