Stortingsvalet 2025 - Står du i manntalet?

Manntalet er lagt ut til offentleg ettersyn i resepsjonen i Høyanger rådhus, mandag til fredag, kl 10:00 - 14:00.
 

Dersom du ikkje står i manntalet kan du ikkje stemme ved stortingsvalet 8. september 2025. 

Nyleg flytta?

Har du nyleg flytta til kommunen og folkeregisteret har teke imot flyttemelding frå deg innan 30.06.2025, skal du stå i manntalet i Høyanger kommune. Dersom flyttemeldinga blei motteken etter denne datoen, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta ifrå. Du kan velge om du vil stemme der på valdagen eller stemme på førehand.

Feil i manntalet? 

Dersom du meiner du er feilaktig innført i eller utelate frå manntalet for Høyanger kommune, kan du kreve feilen retta.  Krav om retting gjeld feil, ikkje om flytting etter 30. juni 2025.

Krav om retting

Krav om retting skal vere skriftleg og grunngjeve og sendast:
E-post: postmottak@hoyanger.kommune.no eller til
Høyanger valstyre, postboks 159, 6991 Høyanger

Meir informasjon

Meir informasjon om Stortingsvalet 2025 finn du her