Stupebrettet på Austreim vert fjerna

Vi har gjennomført målingar og gjort ei vurdering av tryggleiken ved offentlege stupeplassar. Stupebrettet på Austreim har for låg djupne i sjøen og ligg langt under nasjonale tilrådingar for trygg stuping og hopping. 

Kvart år skjer det alvorlege ulykker i Noreg som følgje av stuping på for grunt vatn, ofte med livsvarige konsekvensar. Difor er det viktig at stupetilbod følgjer gjeldande tryggleiksnormer.

Av omsyn til tryggleik er stupebrettet på Austreim fjerna. 

Det vil bli vurdert om dette er ei eigna plassering for eit framtidig stupetilbod, og kva tiltak som eventuelt må til for å sikre tilstrekkeleg djupne.

 Vi takkar for forståinga og minner om å alltid vise varsemd ved bading og stuping.