Takk til Fureli Maskin for flott gåve
Høyanger kommune rettar ein stor takk til Fureli Maskin AS for det flotte bidraget som vil vere til glede for mange.
Ved opninga av Vadheim Fjordpark i fjor gav Fureli Maskin AS kommunen eit gåvekort. No er gåva løyst inn, og stranda har fått påfyll av ny skjelsand.
Vi ønskjer samtidig alle ein riktig god sommar, og håpar mange får glede av det fine sommarvêret.
Påfyll av ny skjelsand i Vadheim Akvapark
Leif Arne Fureli
Påfyll av ny skjelsand i Vadheim Akvapark
Leif Arne Fureli
Publisert 13.07.2026 13:12
Sist endra 13.07.2026 13:12