Grunngjeving for tildelinga:
Eigarane har over lang tid vist eit sterkt engasjement for å ta vare på alle bygningane og innmarka på garden. Dei har klart å kombinere gamle byggeskikkar med nye bruksmåtar på ein måte som ikkje forringar det kulturhistoriske preget. Ein må likevel trekkje fram restaureringa av Gamlestova frå 1700-talet som noko heilt spesielt. Det som ein gang låg i ruin, framstår i dag som eit museumsbygg og eit kulturelt tyngdepunkt i tunet. Det er viktig for eit lite lokalsamfunn å halde slike tradisjonelle og historiske byggverk i hevd.
Kine Larsen Lægreid
Sørebøvegen 495 og 497 og 493, Sørebø:
Eigedomen på Sørebø har djupe historiske røter. Garden har vore i drift sidan 1400-talet, kanskje endå lenger tilbake. Det som i dag er eitt samla tun, var tidlegare to separate gardstun, og omfattar i dag tre våningshus og ei rekkje driftsbygningar. Tunet ligg vakkert til i ein dalbotn, omgitt av kulturlandskap, fjell, gamle epletre, gruslagde vegar og natursteinsmurar. I 2002 starta eigarane planlegginga av eit nytt våningshus, som i dag er det nyaste bygget (487) på eigedommen. Det vart oppført over ein periode på fem til seks år, med klassisk utforming: saltak, raudmåla liggande kledning, gjenbrukt skifer og ein tilhøyrande garasje vart bygd 10 år seinare. Dei to eldre våningshusa, frå 1914 og midt på 1800 talet, er kontinuerleg haldne ved like. Dei har kvitmåla kledning, sprossevindauge og skifertak. I nærleiken står raudmåla stabbur og andre driftsbygningar som understrekar det historiske preget og fortel ei historie om levd liv og gardsdrift gjennom generasjonar. Då eigarane overtok naboeigedomen i 2011 (gnr. 17, bnr. 1) tok restaureringsarbeidet verkeleg til. Ei gamal steinrøys etter eit fjøs vart bygd opp att som verkstad og lager, med raudmåla trekledning, grunnmur av stein og torvtak. Berre halve bygget lot seg rekonstruere, men det som står i dag, syner godt byggjeskikken i eldre driftsbygningar i området. Litt høgare oppe i terrenget låg ruinane etter eit gamalt våningshus, truleg frå 1700-talet eller eldre. Restaureringa starta i 2014. Eigarane har lagt stor vekt på å ta vare på den opphavlege byggjeskikken. Bygget er reist med torvtak, spesiallaga dører og vindauge basert på originale bygningsdelar, og villmarkskledning av tømmer frå eigaren sin eigen skog. Tømmeret er forsterka på innsida av kledningen for å stive opp huset, utan å gå på akkord med uttrykket. Det som ein gong var ei ruin, framstår i dag som eit museumsbygg og eit kulturelt tyngdepunkt i tunet.
I tillegg omfattar prosjektet:
•Støypt platting og grillplass inne i murane etter eit tidlegare geitefjøs
•Fornying av det gamle eldhuset/røykerommet i tilknytnad til vedhuset
•Restaurering av ei eldre hytte med tilkomstveg på 400 meter, ferdigstilt i 2024 (ikkje med i vurderinga)
•Eit kvernsteinshus langs elva på eigedommen (ikkje med i vurderinga)
Årets verdige vinnar av Bygningsmiljøprisen er ekteparet Geir og Sissel Sørebø.
Utdeling av prisen blei gjort på møte i kommunestyret 19. juni 2025.