OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Trafikktryggingstiltak i sentrum av Høyanger

Det vert om kort tid avsperra ein parkeringsplass i Marcus Thranes gate.

Skjermbilde Marcus Thranes gate - Klikk for stort bilete

Det er med fokus på dei mjuke trafikantane at det vert gjort tiltak i hovudgata. Dette gjeld parkeringsplassen utanfor Høyanger hotell, nærast overgangsfeltet. Det er dårleg sikt for køyrande å sjå personar som skal over gata, og det oppstår ofte farlege situasjonar her.

Som ei prøveordning vert parkeringsplassen nærast overgangsfeltet sperra slik at ein kan betre sikten. Vi minner samstundes om trafikkreglane om å gå av sykkelen, samt sjå seg føre i begge retningar før ein kryssar gata. Dette gjeld også for elsparkesyklar.

Til toppen