Uhell ved Kråkeelvi kraftstasjon i Lånefjorden - ingen skadde
Fleire vassrøyr har losna under monteringsarbeid i ein anleggstunnel ved Kråkeelvi kraftstasjon.
Røyra har treft ein garasje, ein traktor og den nye kraftstasjonen som er under bygging. Det er materielle skadar på staden.
Status på staden:
- Ingen personar er sakna eller skadde.
- Nødetatar (brannvesen og ambulanse) er på staden.
- Siste info: Politiet er nå på staden saman med brannvesen, entreprenør og representant frå kraftverket. Det er oppretta sperringar i området, og det er ikkje behov for evakuering av bebuarar i Lånedalen.
Kommunen følgjer situasjonen tett saman med nødetatane. Nettsida vil bli oppdatert dersom det kjem ny informasjon som har noko å seie for innbyggjarane.
Publisert 26.06.2026 18.55
Sist endra 06.08.2026 14.03