Uhell ved Kråkelvi kraftstasjon i Lånefjorden - ingen skadde

Fleire vannrøyr har losna under monteringsarbeid i ein anleggstunnel ved Kråkelvi kraftstasjon.


Røyra har treft ein garasje, ein traktor og den nye kraftstasjonen som er under bygging. Det er materielle skadar på staden.

Status på staden:

  • Ingen personar er sakna eller skadde.
  • Nødetatar (brannvesen og ambulanse)
    er på staden.
  • Siste info: Politiet er nå på staden saman med brannvesen, entreprenør og representant frå kraftverket. Det er oppretta sperringar i området, og det er ikkje behov for evakuering av bebuarar i Lånedalen.


Kommunen følgjer situasjonen tett saman med nødetatane. Nettsida vil bli oppdatert dersom det kjem ny informasjon som har noko å seie for innbyggjarane.