Varsel om støy – sprenging
I samband med arbeid på kraftlinjene i Høyanger vil det bli gjennomført sprenging av lineskøyt fleire dagar denne og neste veke. Dette kan føre til høge smell som kan høyrast i nærområdet.
Høyanger kommune
I samband med arbeid på kraftlinjene i Høyanger vil det bli gjennomført sprenging av lineskøyt fleire dagar denne og neste veke. Dette kan føre til høge smell som kan høyrast i nærområdet.
Fredag 16. og laurdag 17. oktober er det planlagt sprenging av lineskøyt i samband med montering av master over Håland. Det kan også bli aktuelt med arbeid søndag 18. oktober, avhengig av vêrforholda.
Måndag 19. eller tysdag 20. oktober er det planlagt tilsvarande arbeid inne i dalen, ved Statnett-stasjonen.
Etter planen skal arbeidet vere ferdig i løpet av neste veke.
Høyanger kommune informerer om arbeidet slik at innbyggjarane er førebudde på at det kan kome høge smell frå dei aktuelle områda.
Publisert 15.10.2026 16:02
Sist endra 15.10.2026 16:02