Varsel om vegstenging i Trangane frå 07.04. til 16.04.2026

Vi har motteke varsel om stenging av vegstrekninga Trangane, mellom Lavik - Lavikdal, i følgande tidsrom:

Stengetider Trangane 07.04.-16.04.
DatoStengetider
07.04., 08.04., 13.04., 14.04., 15.04.0725-0825, 0840-0940, 0950-1050, 1100-1130, 1200-1300, 1310-1410, 1420-1450, 1510-1605, 1615-1715, 1725-1825
09.04. og 16.04.0725-0825, 0840-0940, 0950-1050, 1100-1130, 1200-1300, 1310-1410, 1420-1450

 

Oversiktsfoto viser vegen samt skog og fjell - Klikk for stort bilete Vestland fylkeskommune


Vestland fylkeskommune har gitt melding om stenging i samband med renskingsarbeid på strekninga. Dei tek atterhald om at arbeidet kan vere ferdig før oppsett dato.