Velkommen til dei nye lånarane våre!

Også i år har biblioteket hatt det ærefulle oppdraget med å invitere barnehagane på besøk, og det vart eit herleg møte med haustens ferske førsteklassingar.

Det er ein fast og kjær tradisjon at dei eldste barna i barnehagen tek turen innom biblioteket før det store skuleskrittet vert teke. Forventningsfulle og spente fekk barna oppleve ei koseleg lesestund saman, men det stoppa ikkje der.

For å ønske dei nye skulebarna ordentleg velkommen inn i bøkene si verd, fekk alle med seg sitt eige lånekort og ei nynorsk bokgåve. 

Vi på biblioteket set utruleg stor pris på desse besøka, og vi gler oss til å sjå mykje meir til dei nye lånarane våre utover hausten.

Velkommen tilbake, og god lesing!