Velkommen til Ope skip - opplæringsfartøy MS Skulebas
Tysdag 22. september kjem opplæringsfartøyet, MS Skulebas, til Høyanger. Skipet er opent for alle frå kl 20:00 denne dagen.

Måndag 21.september legg opplæringsfartøyet, MS Skulebas, frå kai i Måløy og reiser på seglas i regionen vår. I løpet av seglasen skal skipet innom mange hamner, og i kvar hamn ønsker vi å invitere både elevar, føresette og innbyggjarane elles velkomen om bord på Ope skip. Her møter besøkande både elevar og lærarar som vil gi omvising på det flotte skipet, i tillegg til å dele informasjon om skulen sitt mangfaldige tilbod.
Størsteparten av mannskapet om bord er elevar på Vg1 Teknologi- og industrifag. For fyrste gong skal Vg1-elevane ha delar av den praktiske opplæringa si om bord på Skulebas. Dei tre klassane på Måløy vgs har kvar si veke på seglas, der målet er at dei på ekte vis skal få erfaring med livet på sjøen og få djupare innsikt i yrker innan maritime fag. Samstundes vil elevane kunne dele av sine kunnskapar og erfaringar. Dei vil fortelje om korleis skulekvardagen er, kva moglegheiter dei har for vidare utdanning og yrkesliv, og ikkje minst korleis det er å vere elev ved Måløy vidaregåande skule.
På dagtid vil vi ynskje 10. klasse og elevar på vidaregåande skule velkomen om bord, og på kveldstid held vi opent for alle som måtte ønske det.
I Høyanger vil skipet vere opent onsdag 23.09. kl 10:00 for elevar i 10. klasse og kl 12:00 for elevar i vidaregåande skule.
Velkommen ombord!
Publisert 18.09.2026 14.39
Sist endra 18.09.2026 14.42