Velkommen til vår nye nettside

 illustrajson bilde nettside - Klikk for stort bileteVi er glade for å kunne lansere vår nye heimeside i dag 29. august! Det har vore eit stort arbeid, men no kan vi endeleg vise den fram.

Kva har vi gjort?

Den nye nettsida vår har fått seg ein ny og frisk utsjånad, har oppdatert informasjon på tenestene våre, fokus på universell utforming og endringar i kor du finn dei teneste du søker.

 

Universell utforming

Gjennomgåande på nettsida er det lagt vekt på universell utforming, det vil sei at det skal verte lettare for deg som les gjennom gode kontrastar, vere lett å lese, ha mindre byråkratisk språk og ha forklarande overskrifter som ledar deg vidare. 

 

Tenestene

Det skal vere lett og raskt for deg som brukar å finne den informasjonen du søker. Om du likevel ikkje finn dette på ein enkel måte, kan du bruke søkefeltet som no er i fokus på framsida.På framsida vil det vere nokre fokuserte knappar med tidsaktuelle tema, desse kan variere etter kva vi ønsker at du som brukar skal finne umiddelbart. Dette kan vere til dømes om koronavaksine eller skuleruta.

Illustrasjonar og fargar

Fargane våre er i nyansar av blå og grøn, med innslag av oransje. Det er det lokale kommunikasjon -og designbyrå Finurleg som har laga illustrasjonane, desse kan du sjå fleire stader på nettsida.

 

Vi treng deg

Sida vår er framleis under utarbeiding, men vi håpar vi har fått på plass det meste og vil fortsette å forbetre sida. Vi treng deg til å bruke sida vår og melde frå om feil eller manglar. Nederst på kvar side du er vil du finne ein ja/nei - knapp som vi oppmodar deg til å nytte ved å legge inn kommentarar og forslag til forbetringar. På denne måten kan vi forbetre sida. 

 

Endringar frå noko ein er vand med og over til noko nytt kan ta noko tid å lære. Vi håpar du syns den nye sida er eit friskt pust frå oss, og at endringane er til det betre.

 

Ein må rekne med at det kan verte noko nedetid under omlegginga. Vi ber samstundes om forståing dersom ikkje alt er heilt på plass enda, men saman med innspel frå dykk arbeidar vi heile tida med forbetring.

 

God lesnad!