Vi treng fleire samarbeidspartnarar i arbeidslivet – vil di verksemd vere med?

Høyanger kommune ønskjer no å styrkje samarbeidet med lokalt næringsliv for å gi fleire deltakarar i Introduksjonsprogrammet ein god start i arbeidslivet. Mange av dei som kjem hit har både kompetanse, motivasjon og eit sterkt ønske om å bidra – og vi veit at erfaring frå ein lokal arbeidsplass er nøkkelen til å lykkast.

Bilde av Høyanger - Klikk for stort bilete

Kvifor er dette viktig?
Arbeidserfaring er avgjerande for å lære språket, bli kjent i lokalsamfunnet og kome raskare inn i ordinær jobb. Alle deltakarar i introduksjonsprogrammet skal ha minimum 15 timar arbeidsretta innhold etter 6 månedar. Samtidig veit vi at verksemdene i kommunen har behov for arbeidskraft og kan ha mykje å vinne på å knytte til seg nye, engasjerte medarbeidarar.

Dette ber vi om
Fleire arbeidspraksisplassar i heile kommunen – små og store verksemder, alle bransjar.
Moglegheiter for midlertidig eller varig tilsetjing der det passar.
Låg terskel for å prøve – vi tek oss av oppfølging, tilrettelegging og det praktiske rundt ordningar og avtalar.

Kva får verksemda di igjen for det?
• Tilgang til nye, motiverte arbeidstakarar
• Moglegheit til å dekke eigne bemanningsbehov
• God støtte frå kommunen og NAV undervegs
• Eit verdifullt bidrag til lokalsamfunnet 

Slik går du fram
Er di verksemd nysgjerrig på å bidra? Ta kontakt med integreringstenesta i Høyanger kommune. Vi kjem gjerne på bedriftsbesøk og fortel meir om korleis vi kan skape gode arbeidspraksisar og framtidige arbeidsforhold i samarbeid.

Jeanette Wølke Friis Walsvik
Einingsleiar kultur og mangfald
E-post
Telefon 57 71 15 71
Mobil 90 07 61 39
M Ali Kharrat
Koordinator
E-post
Telefon 57 71 15 34
Mobil 92 53 04 48