Vestland fylkeskommune deler kvart år ut stønad frå spelemidlane til bygging av anlegg for idrett og friluftsliv. Ordninga skal bidra til at ein større del av befolkninga får høve til å drive idrett og fysisk aktivitet. Barn og ungdom er hovudmålgruppa i spelemiddelordninga.
Spelemidlane kjem av overskotet til Norsk Tipping og vert fordelt av Kulturdepartementet til ulike allmennyttige formål. Ein stor del av overskotet går til anlegg for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet.
Dei som kan søkje spelemidlar er hovudsakleg kommunar, idrettslag, enkelte friluftsorganisasjonar og velforeiningar.
Du kan søkje om tilskot til etablering og rehabilitering av mange ulike typar idrettsanlegg, anlegg for friluftsliv og anlegg for eigenorganisert fysisk aktivitet.
Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om spelemidlar hausten 2025.
Webinaret har som føremål å gje ei grunnleggjande innføring i prosessen ved å søkje spelemidlar.
Du kan velje mellom følgande datoar for webinaret:

Tysdag 16. september 2025 kl. 19.00-21.00
Torsdag 25. september 2025 kl. 17.00-21.00
Onsdag 15. oktober 2025 kl. 09.00-11.00
Deltaking krev påmelding.
Webinaret er retta mot alle som søkjer om spelemidlar.