Varsling til innbyggarane

Høyanger kommune brukar Varsling24 når viktig informasjon må raskt ut til innbyggarane. Varsling skjer ved at det blir sendt ut SMS til mobiltelefon, eller ei talemelding til deg som kun er registrert med fasttelefon.

Varsling kan til dømes skje:

  • ved evakuering
  • når du må koke vatnet
  • ved vassbrot
  • ved pandemi-/smitteutbrot


Om vi ikkje klarer å varsle gjennom via mobiltelefon eller radio, vil varsling skje manuelt/fysisk oppmøte ved bruk av kommunen sine tilsette, sivilforsvaret, Røde kors m.v. Dette vil vere mest aktuelt ved evakuering.

 

Kvifor får du ikkje varsel?

Nokre gonger kjem ikkje varslinga fram til alle. Det kan vere fordi:

  • Kontaktdata er feil
  • Du nyleg har flytta eller bur midlertidig på annan adresse
  • Du har mobiltelefon som er registrert på arbeidsgjevar
  • Du har hemmeleg nummer
  • Du er tilknytta ei adresse der du ikkje bur, for eksempel hytte eller fritidsbustad
     

Oppdater kontaktinformasjonen din her på Varsling24. 
Når du har registrert og oppdatert deg vil du få varsel frå Høyanger kommune.

 

Flyalarm (tyfon)

Sivilforsvaret har ansvar for landet sine sireneanlegg (tyfonar). Det vert nytta til varsling av befolkninga ved akutt fare både i fred- og krigstid.
Sivilforsvaret prøver installasjonane to gonger i året, vanlegvis andre onsdag i månadene januar og juni.

Les meir om Sivilforsvarets varsling av befolkninga


Storulykkesforskrift Hydro Aluminium 

Her finn du informasjon om varsling til innbyggarane frå Hydro Aluminium i Høyanger  (PDF, 266 kB)