Tilsetting i Høyanger kommune

Ved tilsetting i Høyanger kommune vil du få arbeidsavtale og teiepliktskjema sendt ut elektronisk og du signerer elektronisk. Dette kjem som ein e-post  frå posten sin e-signering.

I tillegg til arbeidsavtalen må du fylle ut nokre skjema. Du vil få tilsendt eit informasjonsbrev i digital postkasse med link til skjema som du må fylle ut.

Dersom du treng politiattest vert det lagt ved stadfesting av føremål med politiattest. Den legg du ved søknad om politiattest som du søker om elektronisk, på politiet sine nettsider.

Utsending og signering av arbeidsavtale

I Høyanger kommune nyttar vi e-signering ved utsending av arbeidsavtalar. Arbeidsavtalen og skjema for teieplikt vert sendt ut elektronisk i posten si e-signeringsløysing.

Om du tar imot stillinga, signerer du arbeidsavtalen elektronisk innan svarfristen. Du signerer då både på arbeidsavtalen og teiepliktskjema. Når du har signert arbeidsavtalen, får du høve til å laste den ned.

I tillegg til denne arbeidsavtalen får du tilsendt eit brev i digital postkasse med lenker til ulike skjema. Dersom du takkar ja til stillinga, må du fylle ut og sende dei inn i god tid før du startar i stillinga.

Det vert lagt ved lenke til dei skjema som du treng å fylle ut i høve di stilling.

MRSA skjema

Tilbakemeldingsskjema arbeidsavtale eller oppdragskontrakt

Melding om foreldrepermisjon (PDF, 337 kB)

Oppseiing av stilling (PDF, 427 kB)

Politiattest

Du treng politiattest dersom du søker stilling innan barnevern, brannvern, helsepersonell, barnehage og skule. Du treng ikkje vise fram slik attest når du søker, men før du tek til i stillinga. 

Du søker om politiattest elektronisk via politiet sine nettsider.

Du kan bruke tilsendt arbeidsavtale som dokumentasjon, eller vi sender deg ei stadfesting på føremålet med attesten. Ein politiattest kan ikkje vere eldre enn tre månader. 

Om digital postkasse

Digital postkasse fra e-Boks og Digipost er ei sikker løysing for å motta og oppbevare viktig digital post fra det offentlege. Det er gratis å opprette og bruke digital postkasse, og du kan lagre breva der så lenge du ønskjer.

Opprett digital postkasse 

 

Motta post digitalt på ein sikker måte

Brev med vedtak, helseopplysningar eller annan sensitiv informasjon kan ikkje sendast på vanleg e-post då det ikke er sikkert nok. I e-Boks og Digipost sender det offentlige breva kryptert, og det vert lagra på ein sikker måte slik at det berre er du som har tilgang til din eigen post.

Med ein digital postkassa hos e-Boks eller Digipost kan du også motta digital post frå private verksemder same stad som du mottek post fra det offentlege.

Om du ikkje tek imot stillinga

Om du ikkje ynskjer å ta imot stillinga, trykk avbryt og deretter avvis. Dette vert registrert som at du takkar nei til stillinga.

Spørsmål

Dersom du har spørsmål kan du ringe 57711500