Førehandsstemme

Du kan førehandsstemme frå torsdag 10. august til og med fredag 8. september. 

Du vel sjølv om du vil førehandsstemme eller stemme på valdagen, men du kan stemme berre ein gang. Stemmer du på førehand kan du ikkje stemme på nytt, heller ikkje på valdagen. Du må ikkje vise valkortet, men registreringa går raskare dersom du har det klart.

Opningstid for førehandsstemming i Høyanger rådhus

  • Måndag til fredag frå 10. august til og med 1. september, klokka 08:00 - 15:00

 

Laurdag 2. september

Du kan førehandsstemme følgande stader denne  dagen:

  • Bjordal "Gamlebanken" kl 10:00 - 12:00
  • Høyanger samfunnshus kl 11:00 - 15:00
  • Lavik v/Bunnpris kl 14:00 - 16:00

 

Opningstid for førehandsstemming i Høyanger samfunnshus

  • Måndag, tysdag, onsdag og fredag 4., 5., 6., og 8. september kl 08:00 - 15:00
  • Torsdag 7. september kl 08:00 - 19:00

 

Førehandsstemming i institusjonar

  • Sørsida Bygdetun tysdag 5. september kl 09:30 - 10:30
  • Lavik helsesenter tysdag 5. september kl 12:15 - 13:15
  • Tronvik tysdag 5. september kl 14:00 - 15:00
  • Kyrkjebø sjukeheim tysdag 5. september kl 15:45 - 16:30
  • Høyanger sjukeheim onsdag 6. september kl 12:00 - 14:00

Tilsette ved institusjonane og andre som ønsker å avgi førehansstemme kan gjere det på institusjonane. 

 

Hugs gyldig legitimasjon!

Du må ha med legitimasjon når du skal stemme. Møter du opp i vallokalet utan legitimasjon og du er ukjend for stemmemottakar, får du ikkje stemme. Legitimasjon kan vere pass, nasjonalt ID-kort, førarkort (også digitalt) eller bankkort med bilde.

 

Stemme heime

Dersom du er sjuk eller ufør, og ikkje kan stemme i eit vallokale, kan du søke om å stemme heime eller der du oppheld deg. Du må søke innan onsdag 6. september kl 14:00 ved å ringe tlf 57711500 eller sende epost til postmottak@hoyanger.kommune.no.

 

Bur du utanfor Høyanger kommune?

På nettsida til valgdirektoratet finn du oppdatert informasjon om kvar du kan stemme i andre kommunar.