Stemme på valdagen

På valdagen, mandag 11. september, kan du berre stemme i kommunen du er manntalsført i.

Vallokale og opningstider

Vi nyttar elektronisk manntal. På valdagen kan du difor stemme i det vallokalet du ønsker i Høyanger kommune.

Opne lokale på valdagen
Valkrins Vallokale Opningstid
Høyanger Samfunnshuset kl 09:00 - 19:00
Høyanger Nessane sambrukshus kl 16:00 - 18:00
Kyrkjebø Kyrkjebø skule, gymsal kl 10:00 - 18:00
Vadheim Vadheim skule, gymsal kl 10:00 - 18:00
Lavik Lavik skule, gymsal kl 10:00 - 18:00
Bjordal Ortnevik grendahus kl 09:00 - 10:30
Bjordal Bjordal skule, gymsal kl 11:30 - 16:15
Bjordal Ikjefjord grendahus kl 17:30 - 18:30

Hugs legitimasjon

Hugs å ta med gyldig legitimasjon når du skal stemme. Møter du opp i vallokalet utan legitimasjon og du er ukjend for stemmemottakar, får du ikkje stemme. Legitimasjon kan vere pass, nasjonalt ID-kort, førarkort (også digitalt) eller bankkort med bilde. 

Ta gjerne med valkortet ditt, det er ikkje eit krav men lettar arbeidet for valfunksjonær og det sparer tid.