Bortebuarstipend

Høyanger kommune gir bortebuarstipend til elevar ved Høyanger vgs. som må bu på hybel.

Du må ha ungdomsrett, og ha rett til inntaksområdepoeng til Høyanger vgs. Les meir i punkta under:

 

Retningsliner for stipendordninga:

  1. Høyanger kommune yter for skuleåret 2023/2024 totalt kr. 100.000 til stipend til elevar som vil gå på Høyanger vidaregåande skule, og må bu på hybel. Stipendordninga skal gjelde for elevar med ungdomsrett, og som har rett til inntaksområdepoeng til Høyanger vidaregåande skule. 
  2. Stipendet gjeld for elevar som ikkje dagleg kan nytte seg av offentleg transport til og frå heimen.
  3. Stipendet på kr 100.000 vert delt likt mellom søkarane. Kvar elev kan likevel ikkje motta meir enn 10.000 kr i stipend frå kommunen pr skuleår.
  4. Tildeling av kvart enkelt stipend vert gjort av kommunedirektøren etter søknad frå eleven.
  5. Søknadsfrist er 1. september kvart skuleår.
  6. Stipendet blir utbetalt to gonger i skuleåret. Dato for utbetaling er 1. november og 1. mars. 
  7. Kommunen kan krevje stipend tilbakebetalt dersom eleven ikkje fullfører skuleåret.

 

Søk digitalt her

 

Elevar som bur heime;

Elevar i vidaregåande skule som bur seks kilometer eller meir frå skulen, har rett til gratis skyss eller full skyssgodtgjersle. Når eleven har rett på skyss, men ikkje har eit tilgjengeleg og akseptabelt reisetilbod, har elevane rett på eit tilrettelagt skysstilbod eller få full skyssgodtgjersle.

 

Høyanger vgs. 

Er lokalisert i kommunesenteret Høyanger. Du kan lese meir om skulen og studietilbodet her.

 

Søkjarhandboka 2023/2024