Foreldreutval

 

Når du har barn i skulen, er du automatisk ein del av foreldrerådet. Foreldrerådet vel representantar til foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU) – ein eller fleire frå kvar klasse. Til saman utgjer dei eit utval som skal ha mogelegheit til å påverke skulekvardagen og vere ein konstruktiv samarbeidspartnar for skulen. FAU kan kome med råd og innspel, men også ta opp saker på eige initiativ.

FAU sine hovudoppgåver er å medverke aktivt i:

  • Vurdering av skulen
  • Utviklingsarbeid i skulen
  • Utvikling av eit trygt læringsmiljø for elevane
  • Planlegging og oppfølging for å fjerne mobbing
  • Sosiale tiltak for elevane
  • Organisering av undervisninga
  • Utforming av mål til eigen skule
  • Prosjekter som blir gjennomført i skulen (f.eks. IKT)
  • Arbeidet med det fysiske skolemiljøet
  • Arbeidet med nærmiljøet sine trafikktilhøve
  • Å få eit godt samarbeid mellom heim og skule

 

Les meir her: FUG