Søknad om fri frå undervisning skal gjerast i Visma Flyt skole.
Dersom du har fleire barn, må du registrere ein søknad for kvart av barna.
Elevane i grunnskulen, kan etter søknad, få permisjon frå den pliktige undervisninga. Permisjon kan bli innvilga inntil to veker dersom fritaket er fagleg forsvarleg. For fri utover to veker gjeld eigne reglar om utskriving.
Permisjon for inntil ti skuledagar
Det er eit vilkår for retten til slik permisjon at foreldra syter for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute, jfr opplæringslova § 2-1. Etter delegert vedtaksmynde gjer Kommunalsjef oppvekst og rektor vedtak. Vedtaket er enkeltvedtak etter opplæringslova.
Søknad må sendast i god tid og skal grunngjevast.
- Permisjon inntil fem skuledagar, søknad sendast til skulen. Rektor gjer vedtak.
- Permisjon inntil ti skuledagar, søknad stilast til Høyanger kommune og sendast via skulen.
- Skulen sender med uttale/tilråding. Kommunalsjef for oppvekst gjer vedtak.
Fri i meir enn ti skuledagar
Ved fri meir enn ti skuledagar må eleven skrivast ut av grunnskulen i det aktuelle tidsrommet. Foreldra er ansvarlege for undervisninga etter lov og forskrift. Retten til opplæring opphøyrer i utmeldingsperioden, og kommunen sitt ansvar for opplæringa opphøyrer tilsvarande. Ønskjer du å skrive eleven ut av skulen, må du først ta kontakt med skulen til barnet ditt.
Elektronisk søknad med eDialog finn du her