Logoped

Kommunen skal gi tilbod om behandling hjå logoped og audiopedagog til born, ungdom og vaksne, som har rett til eit spesialpedagogisk tilbod etter opplæringslova.

Situasjonar der logoped- eller audiopedagogbehandling blir gitt som ledd i spesialundervisning må skiljast frå tilfelle der det er behov for anna type logopedbehandling som følgje av sjukdom, skade eller lyte.

Det er kommunen sitt ansvar å sørgje for at eleven får oppfylt sin rett til spesialpedagogiske tenester. Kommunen kan ikkje tilvise desse til Helfo med grunngjeving om at det ikkje er logopedteneste i kommunen.

Dersom kommunen ikkje har eigen logoped- eller audiopedagogteneste, pliktar kommunen å sørgje for at eleven får tilbod om dette på annan måte.

Ingrid Sviggum Håre
konsulent
E-post
Telefon 57 71 15 64
Mobil 46 88 28 10