Lenker og informasjon om å søke vidaregånde skule
Rådgjevarfunksjon ungdomsskular i Høyanger
Rådgjevar sine oppgåver:
- Samtalar med elevar i ungdomsskulen om val av vidaregåande utdanning og yrkeskarriere
- Hjelpe elevar til å sjå samanheng mellom val av yrke og utdanning og personlege eigenskapar.
- Generell informasjon til elevar og føresette om vidaregåande skule og arbeidslivet/arbeidsmarknaden
- Hjelpe elevar og føresette med utfylling og digital innsending av søknadar i Vigo til frist 1.mars.
- Organisere og gjennomføre hospitering, karrieremesse og andre formar for opplegg på vidaregåande skular.
- Informere om og leggje til rette for bruk av digitale hjelpeprogram som t.d vilbli.no, utdanning.no, søkjarhandbøker, skuletest.no og fagfilm.
- Bidra til å få eksterne firma og organisasjonar på besøk på skulen for å informere om verksemda/tilboda sine.
- Planlegging og gjennomføring av arbeidsveke 9. klasse. Kontakt med nærliggjande arbeidsplassar.
- Ekskursjonar og opplegg i 8-10. klasse som er relevante for val av utdanning og yrke.
- Bidra i faget Utdanningsval der det er relevant i ymse tema.
Elevane kan sjølv ta opp relevante tema. Rådgjevar har teieplikt. Rådgjevar deltek i møte med heimane der dette er ynskjeleg for val av utdanning og yrke.
Publisert 30.01.2023 23.50
Sist endra 31.01.2023 08.55