Visma Flyt Skole

Vi brukar Visma Flyt Skule for å gjere kontakten mellom heim og skule enklare. Via nettside eller app kan du registrere fråvær, halde deg informert om timeplan, lekser og aktivitetar til barnet ditt. 

 

Innlogging til Visma Flyt Skole

 

Føresette brukar Visma Flyt Skule til:

  • Sjekke at kontaktinformasjon og personinformasjon for elev og føresette er rett.
  • Gi samtykke.
  • Søkje permisjon frå obligatorisk undervisning
  • Følge med på fråvær, merknader, vurderingar og karakterar.
  • Finne kontaktinformasjon til kontaktlærar.
  • Søke, seie opp eller endre SFO-plass.
  • Sjekke fakturagrunnlaget for SFO-plass.
  • Søkje redusert foreldrebetaling for SFO-plass
  • Sjå kva faggrupper og faglærarar eleven har.

Min Skole - Foresatt

Visma har laga ein app for å gjere kommunikasjonen mellom heim og skule enklare.

Appen frå Visma heiter "Min skole - foresatt", og du finn den både på Google play og i App Store. Appen har litt avgrensa funksjonalitet i høve nettsida. Gjennom appen kan foreldre gjere følgande:

  • Melde skulen om elevfråvær
  • Sende og motta andre meldingar til kontaktlærar eller faglærar til ditt barn

 

Visma Flyt Skole - ofte stilte spørsmål:

 

Ta kontakt med skulen om du treng hjelp

Dersom du har problem med innlogging til Visma Flyt Skule, eller treng rettleiing på korleis du brukar Visma Flyt Skule, ta kontakt med skulen.