Meldeskjema for individuell plan og/eller koordinator (PDF, 120 kB)
Eininga skal:
- Ta i mot melding om behov for individuell plan, koordinator og barnekoordinator
- Nemne opp koordinator og barnekoordinator
- Utarbeide rutine for arbeidet med individuell plan, koordinator og barnekoordinator
- Gi opplæring og rettleiing til koordinatorar og barnekoordinator
- Sikre kompetanseheving om individuell plan og koordinator
- Gi råd og rettleiing om velferdstenester
- Ha oversikt over habilitering og rehabiliteringstilbod
- Bidra i kommunen sitt utviklingsarbeid
Det er ønskeleg at behov for koordinator, barnekoordinator og individuell plan blir meldt på skjema du finn på denne sida. Dersom du har behov for hjelp til å fylle ut meldeskjema, kan du ta kontakt med koordinerande eining eller ein av tenesteytarane som allereie bistår deg.
Barnekoordinator:
Familiar som har eller ventar barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, og som vil ha behov for langvarige og samansette eller koordinerte helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester, har rett på barnekoordinator.
Barnekoordinator sine oppgåver:
Oppgåvene til barnekoordinator fylgjer av helse- og omsorgsjenesteloven § 7-2 a andre ledd bokstav a-e.
Barnekoordinatoren skal sørge for :
- koordinering av det samla tenestetilbodet,
- å ha oversikt over og bidra aktivt til å ivareta kommunen sitt ansvar for nødvendig oppfylging og tilrettelegging for familien og barnet i form av tilbod om eller yting av helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester,
- at familien og barnet får nødvendig informasjon og heilskapleg rettleiing om helse- og omsorgstenestetilbodet,
- at familien og barnet får nødvendig informasjon og heilskapleg rettleiing om andre velferdstenester og relevante pasient- og brukarorganisasjonar, at familien og barnet får rettleiing i kontakt med disse, og at det blir formidla kontakt eller tilvising vidare til slike tenester eller organisasjonar
- fremdrift i arbeidet med individuell plan.
I tillegg skal barnekoordinator sørge for samordning av tenestetilbodet, og oppgåvene skal inkludere familieperspektivet.
Individuell plan, koordinator og barnekoordinator
Alle som har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester, har rett på koordinator og til å få utarbeida ein individuell plan. Behovet for tenester frå andre sektorar høyrer med i den heilskaplege vurderinga. Individuell plan skal berre utarbeidast dersom personen sjølv ønskjer det. Det skal bli tilbydd koordinator sjølv om pasient og bruker takkar nei til individuell plan.
I nasjonale retningslinjer for demens, vert det tilrådd at personar med demens utan behov for hjelp frå fleire instansar over tid og deira pårørande også bør få tilbod om ein fast koordinator med kompetanse om demens.
Pasient og brukar sitt ønskje skal leggast vekt på ved val av koordinator.
Ein av tenesteytarane skal nemnast opp som koordinator.
Koordinator skal:
- sørge for nødvendig oppfølging av den enkelte pasient/bruker.
- ha oversikt over tenestene som pasient/brukar har
- vere brukar/pasient/pårørande sin kontakt i det tverrfaglege arbeidet
- sørge for samtykke frå pasient/brukar til at tenestene rundt kan samarbeide
- sikre samordning av tenestetilbodet
- sikre framdrift i arbeidet med ein eventuell individuell plan
- saman med brukar/pasient planlegge og gjennomføre eventuelle møter (ansvarsgruppemøter) mellom tenestene og sørge for dokumentasjon
Ein individuell plan er eit verktøy som kan:
- kartlegge brukar/pasient sin livssituasjon
- hjelpe brukar/pasient med å sette langsiktige og korte mål for endringar brukar/pasient ynskjer i livet sitt
- gi oversikt over plan for korleis nå måla
- gi oversikt over kven som har ansvar for avtalte aktiviteter til ulike tidspunkt
- gi oversikt over tenestene som brukar/pasient har
- bidra til samarbeid mellom brukar/pasient og dei ulike tenestene og eventuelt pårørande
Planen sjølv utløyser ikkje noko rett til tenester. Høyanger kommune bruker verktøyet Visma Flyt Samspill i arbeidet med individuell plan. Verktøyet er gratis. Planeigar får tilgang til planen ved innlogging via ID-porten.
Brukarmedverknad
Det er ditt liv det handlar om. Du er alltid med i prosessen og kan ta med deg ein støtteperson som kan representere deg. Du samtykker til aktørane det er behov for å ta med og dei vala som vert gjort. Det skal leggast til rette for at pårørande kan medverke, dersom du ynskjer det.
Habilitering og rehabilitering
Behov for tenester innan habilitering og rehabilitering meldast til tiltaksteam eller fysikalsk avdeling.
Forskrift og rettleiarar
Lov om kommunale helse- og omsorgtjenester (lovdata.no)
Forskrift om habilitering, rehabilitering og koordinator (lovdata.no)
Forskrift om individuell plan ved ytelse av velfersdstjenester
Veileder om rehabilitering, habilitering, individuell plan og koordinator (helsedirektoratet.no)
Rettleiar for samarbeid om tjenester til barn, unge og deres familier
Veileder for oppfølging av personer med store og sammensatte behov (helsedirektoratet.no)
Kontaktinformasjon
Høyanger kommune
Koordinerande eining
Postboks 159
6991 Høyanger
E-post: postmottak@hoyanger.kommune.no
(unngå å sende sensitiv informasjon på e-post)
Tilsette koordinerande eining:
Aina Beate Haveland: 97 15 47 48
Ingrid Sviggum Håre: 46 88 28 10